lørdag 6. februar 2010

Rus = tabu?

I ein kommentar på bloggen hevdar innsendaren at rus er tabulagt samfunnet vårt. Det er ein interessant påstand (og observasjon?), og eg tenkte å reflektere noko kring det i denne teksten.

Eg meiner også at vertfall visse tema knytt til rus er tabulagt og vanskeleg å snakke om. Vanskeleg i den forstand at det er knytt masse fordommar til tema. Til dømes er sjølve rusopplevingane eit relevant element ved rusmiddelbruken, men dette har forskinga sjeldan lagt vekt på. Brukarane sine perspektiv og opplevingar er generelt lite fokusert på. Nini Stoltenberg har blant anna kritisert rusforskinga for å ha eit "elendigheitsperspektiv", ho meiner den i hovudsak fokuserer på at folk rusar seg fordi dei har det vondt - og ser vekk frå at mange faktisk rusar seg fordi det er godt! Ho har vidare kritisert framstillinga av personar som enten "rusmisbrukarar" eller "rusfrie" - finst det ikkje noko i mellom? I ein debatt ho deltok i på TV2 fekk ho spørsmål om ho var rusfri - ho sendte då spørsmålet attende til programleiaren, "Er du rusfri? Var du rusfri på laurdag?" Programleiaren vart svar skuldig.

For bruk av illegale rusmidlar føregår også på måtar me vanlegvis knyter til alkohol; på fritida i samband med sosialt samvere. Moderat bruk av alkohol vil stort sett opplevast som positivt for dei fleste. Mange opplev at dei vert meir morosame, meir sosiale og får lettare kontakt med andre etter noko alkoholinntak. Mange har også liknande erfaringar med andre stoff – men det går (nesten) ikkje an å seie høgt. Både hasj, kokain og amfetamin vert nytta i sosiale kontekstar saman med venner. På same måte som for alkohol, er ikkje alle som brukar slike stoff avhengige eller rusmisbrukarar, sjølv om det er det bilete som dominerer både i media og kanskje også i folk flest si oppfatning av illegal rusmiddelbruk. På den andre sida så er det kanskje ikkje så rart - stoffa er ulovlege i bruk, og det finst få bilete eller framstillingar av anna bruk enn misbruk. Men det tyder ikkje at anna bruk ikkje finst.

At eg i hovudsak har fokus på rekreasjonsbruk tyder ikkje at eg bagatelliserer farane ved stoffbruk, eller ser vekk frå at mange faktisk er rusmisbrukarar og at mange også døyr som følgje av bruken. Men det at eg faktisk ofte lyt understreke det når eg snakkar om prosjektet mitt, tyder på at det er sterke tabu knytt til perspektivet eg har valt å utforske.

Så kvifor har eg valt dette perspektivet?

Det er etterkvart ganske mange som har erfaring med å bruke illegale rusmidlar og eg meiner derfor det både er interessant og relevant å utvikle meir kunnskap om dette. Omfangsundersøkingar utført av Statens institutt for rusmiddelforsking viser at det er særskilt i aldersgruppa 20-39 år at bruken av illegale rusmidlar er utbredt. (Det er også i denne aldersgruppa mine intervjupersonar er.) På same måte som at alkoholbruken auka på 1990- og 2000-talet, så auka også bruken av dei illegale rusmidlane. Blant ungdommane (under 20 år) har bruken blitt redusert dei seinare åra medan den ser ut til å stabilisert seg på eit noko høgare nivå blant vaksne. I aldersgruppa 20-39 år har over 30% erfaring med å bruke hasj og over 10% har brukt amfetamin og kokain. Bruk av slike rusmidlar føregår over heile landet men bruken er heilt klart mest utbredt i byane (t.d. i Oslo - der over 50% i denne aldersgruppa har brukt hasj).

Som sagt - bruken føregår i heile landet, også i Sogn (!), men få studiar handlar om rusmiddelbruk utafor byane. Eg vil derfor også inkludere perspektiv om plass i eige prosjekt og valte å gjere intervjua i Årdal.

Eg strevar etter å snakke om og diskutere rus og rusmiddelbruk med folk som har erfaring med å bruke illegale rusmidlar, og andre som er interesserte i tema, på måtar som bryt med, eller utfordrar, dei tradisjonelle førestillingane me har om rusmiddelbruk - for deretter å skrive noko "vetig" om dette. Det er særs utfordrande (men eg prøver!) å utforske tema, utan å samstundes stadfeste ein allereie polarisert debatt; at enten er du for eller så er du imot rusmiddelbruk. Målet er å utvikle relevant kunnskap om rusmiddelbruk som også vil vere nyttig i samband med rusrelatert arbeid på ulike nivå. For å gjere det - lyt ein bryte nokre tabu..!

3 kommentarer:

  1. Også gjær tabuen at ein må leva eit dobbelt liv. En del ein kan vise frem, og ein del ein må skjule å sjems over. Noe som eg tror splitter mangen, skaper ein indre konflikt. Mange rusbrukarar synest ikkje dei gjær noka gale, og at dei mener dei har rett til å eiga sin eigen kropp. Intelligensen til å lære om det, og læra om sin eigen kropp. Og blir fornerma over at nokon skal dømma dei for noko som burde være ein privat avgjørelse. Det er vanskelig å være stolt over livet sitt, når halvparten må skjules.

    SvarSlett
  2. Grenser? Jeg har aldri sett en, men jeg har hørt at de finnes i tankene hos visse mennesker.
    - Thor Heyerdahl

    Føl nøye med på innlegga og kommentarane i bloggen din Sandra, synes det er uhyre interessant !

    La inn eit sitat av Thor Heyerdahl som oppsummerar mine tankar ikveld, og det eg har "tid" til for augneblinket ;) ...

    SvarSlett
  3. I 1987 kom ei bok med tittelen "Den norske væremåten" som var redigert av antropologen Arne Martin Klausen. Eit par av kapitla der tok opp tendensen til polarisert debatt nettopp som eit kjenneteikn ved denne "væremåten". Dersom ein deltek med synspunkt og refleksjonar i ein debatt blir ein før eller seinare pressa inn i ein "posisjon", der ein gjerne også representerer synspunkta til bestemte grupper i samfunnet - enten ein vil eller ei. Dette er kanskje ikkje noka oppløftande skildring av den norske (debatt)kulturen, men det er nok treffande framleis. Ikkje minst innafor "kontroversielle" felt som rus, innvandring, kjønn, etc. Du får berre standhaftig insistere på å vere nøktern, nøytral og nyfiken! Kva gjer det i grunnen, om det oppbyggjelege ikkje blir det viktigaste aspektet ved forskinga di? Har vi ikkje hjelpeapparat og interesseorganisasjonar til slikt?

    SvarSlett