mandag 25. januar 2010

Å lære seg rusen.

Bruk av rusmidlar er eit sosialt fenomen, det er som regel (men ikkje alltid) noko ein gjer saman med andre. Tek nokre øl saman, deler ei flaske vin, deler ein joint - det sosiale er viktig for sjølve opplevinga. Det er og gjennom det sosiale me lærer korleis rusmidlane verkar - det er nemleg ikkje naturgitt korleis me erfarer det å vere rusa. Dei kroppslege verknadane som følgjer med inntak av ulike stoff, t.d. auka puls, kvalme og oppkast, dårlegare konsentrasjon og motorikk, auka/minska matlyst - kan forklarast naturvitskapleg og er like på tvers av ulike kulturar. Men korleis me opplev/forstår/tolkar desse kroppslege verknadane som eit teikn på rus - er i stor grad sosialt lært og har også ulike uttrykk i forskjellige kulturar. Generelt lyt me vite at me har teke eit rusmiddel for å oppleve rus, og fleire studiar viser dessutan at dersom me trur me drikk alkohol, så blir me også fulle..!

Howard Becker (1954) viser i sin klassiske studie av cannabisbrukarar, korleis brukarane lærer seg å oppleve rus med stoffet. Inntak av stoffet fører til at ein blir tørst, får raude auger, blir trøytt, får lyst på mat eller søtt. Å oppleve rus etter inntak, lyt ein lære seg. Oftast er det meir erfarne brukarar som rettleiar og forklarer kva ein skal kjenne etter for å kjenne rusen. Ein av mine intervjupersonar forklarte at første gong han prøvd hasj så kjente han ingenting, men at dei han røykte saman med (som var meir erfarne enn han) såg på han, at han hadde kjenning. Dei sa til han at han skulle gå nokre rundar på golvet og dei lo og sa: "Me ser det på deg, du har kjenning! Me ser det på deg!" Dei lo så masse at til slutt så byrja også han å le - han vart då overtydd om at han faktisk var rusa - at også han fekk latterkick var nemleg eit sikkert teikn på det.

Historien ovanfor viser det viktige sosiale aspektet ved rusopplevinga. Også andre stoff; amfetamin, kokain, rohypnol, LSD og fleinsopp - har viktige sosiale aspekt ved både bruken og sjølve rusopplevinga.

At rusen på mange måtar er sosialt skapt, tolka og lært i eit sosialt fellesskap, tyder ikkje at rusen er innbilt, oppdikta eller mindre reell, men det viser at rusmidlane, i tillegg til å vere kjemiske substansar, også er sosiale fenomen som blir tilskrive meining. Kva merkelappar dei får er derfor ikkje utan tyding for korleis dei vert opplevd og korleis dei vert brukt.

2 kommentarer:

  1. så sant, så sant! ser fram til å følgje bloggen din! klems fra du veit I`II take you high! Mira

    SvarSlett
  2. all rus er vel ein form for filter for perspektivet !?

    alle rusmiddel svekkar/dempar/endrar el forsterkar spesifikke sansar, og alt avhengig av substans er den eine faktoren meir tungtvegande enn den eine/ dei andre... hmmm tung setning men wtf

    SvarSlett