tirsdag 19. januar 2010

Om rus på nett.

Eg vart tidleg klar over at mange brukarar har mykje kunnskap om ulike rusmidlar. I tillegg til eigne erfaringar, vart både film, internett, venner og bøker nemnt som viktige kjelder for informasjon og utveksling av kunnskap om rusmidlar.

Utover 1990-talet vart internett meir tilgjengeleg og har for mange blitt den viktigaste kjelda til å søkje og dele informasjon - også om ulike rusmidlar. På youtube.com ligg det fleire tusen private filmklipp som syner unge menneske i akutt rus. Dei intervjupersonane eg diskuterte slike filmklipp med synest det var "dumt og useriøst" å legge ut slike filmklipp, og meinte at slike filmar vertfall ikkje hadde hatt noko tyding for deira rusmiddelbruk. Derimot har dei hatt nytte av det dei omtalte som meir "seriøse og faglege" nettsider om rusmidlar. Til dømes vart erowid.org og bluelight.ru nemt som døme på slike nettsider. På brukarsider og diskusjonsforum deler brukarar erfaringar med kvarandre, skildrar rusopplevingar og kjem med råd for korleis ein kan bruke ulike rusmidlar og kva ein bør vere varsam med. Utveksling av brukarerfaringane går på tvers av landsdelar og landegrenser.

Kva følgjer får denne informasjonsflyten om rusmidlar? Det kan tenkast at meir kunnskap om rusmidlar gjer at brukarane kjenner seg tryggare i samband med eksperimentering og bruk av ulike rusmidlar. Det treng ikkje samstundes tyde at dei faktisk brukar rusmidlane på tryggare måtar, men det kan tenkast at dei kjenner seg tryggare - når dei veit korleis rusmiddelet verkar, når dei har lese tilrådingar frå fleire andre brukarar, også om kva som er normale biverknader og kva som eventuelt kan gå gale. Fleire eg har intervjua meinte heilt klart at slik kunnskap gjorde dei i betre stand til å handtere risikoen ved rusmiddelbruk. Tidlegare forsking har også tyda på dette.

Fører større kunnskap om rusmidlar til mindre risikofylt rusmiddelbruk eller kan det tvert om vere slik at det fører til meir risikofylt bruk? Bruken av rusmidlar (både legale og illegale) auka utover 1990- og 2000-talet, men ser no ut til å ha stabilisert seg. Kan den auka informasjonsflyten og kunnskapsdelinga hatt tyding for at rusmiddelbruken auka så sterkt utover 1990- og 2000-talet..? Dette skal eg ikkje spekulere vidare i, men eg synest det er interessant å utforske vidare korleis brukarar søkjer, deler og handterer informasjon om rusmidlar dei får via internett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar