Hasj er det mest utbreidde illegale rusmiddelet i Noreg (og elles i dei vestlege landa). Stoffet har blitt meir vanleg dei seinare åra og dette har fått nokre forskarar til å snakke om ei normalisering når det gjeld bruk av hasj. I Noreg er det likevel meir vanleg å ikkje bruke hasj enn å bruke det.
Alle mine intervjupersonar har brukt hasj og det er heilt klart det mest brukte stoffet. Det er slik sett særskilt interessant at intervjua/samtalane om hasj står fram som litt "uklare" skildringar av erfaringar og opplevingar knytt til hasjbruk. Hasjen er på ein måte ikkje så viktig, samtidig som den er viktig. Rusen vert skildra som "mild og fin", den får ein til å slappe av og kjenne seg roleg, den kan gje sterkare musikkopplevingar og ikkje sjeldan latterkick. Mykje røyking gjer ein dessutan sløv, trøytt og lat. Det heile kjem an på kva form ein er i, om ein røyker aleine eller saman med andre, kor mykje ein røyker, kvaliteten på hasjen etc.
Eg synest at hasjbruken blir framstilt litt som at det ikkje er noko "big deal" - samstundes som det er "big deal"; dei fleste har i periodar røykt relativt mykje (slik dei ser det sjølv) og dei som har kutta det ut, har tatt eit medvite val om at dei vil slutte. Typisk svarte intervjupersonane litt sånn når eg spurte kva dei særskilt likte med hasj; "Ja kva er det eg likar med det? Det må jo vere noko sidan eg har heldt på med det såpass lenge..." Ein av dei eg intervjua skildra periodar etter mykje hasjrøyking som om "du har vore på tivoli i fleire dagar og plutselig så reiser tivoliet" - altså; keisemd, kva skal ein finne på? Eg synest svara/uttalingane er interessante og dei fleste snakkar om hasj på liknande måtar. Det er ok/moro/bra/fint/hyggelig å røyke - men stort sett heller ingen krise om ein ikkje gjer det. Det blir berre litt meir keisamt rett og slett - men også det går over etter ei kort stund.
At stoffet er kategorisert som narkotika gjev ein del utfordringar for brukarane, og nokre la vekt på at det var slike element som gjorde at dei til slutt kutta stoffet meir eller mindre heilt ut. Ein kan risikere straff dersom ein blir tatt av politiet, barnevernet kan bli kopla inn dersom ein har små barn og ein kan risikere å misse jobben dersom arbeidsgjevar krev urinprøve som viser seg positiv... Og det er ikkje rusen/røykinga verdt. Nokre av intervjupersonane framstilte at dei var usamde i at bruk av "eit så mildt stoff som hasj", skal kunne gje så alvorlege konsekvensar. Dei såg konsekvensane av å bli tatt for hasjbruk, som meir skadelege enn sjølve stoffet. Dei fleste eg intervjua var elles ikkje like eintydig for eller mot avkriminalisering, og ikkje alle hadde ikkje tatt standpunkt i det heile tatt. På den eine sida meinte dei at det uansett ikkje er noko problem med å få tak i hasj, og risikoen for å bli tatt for det er heller ikkje særskilt stor. Det var slik sett ikkje noko vits i å avkriminalisere det. På den andre sida kan offentlege utsal vere med å regulere bruken betre og dessutan sikre betre kvaliteten på produktet. Men igjen, det var ikkje så viktig..!
Eg trur denne noko "uklare" framstillinga av hasj har med at hasj, som andre rusmidlar, er veva inn i sosiale mønster og det kan derfor vere vanskeleg å snakke om "stoffet hasj" i meir isolert former. Stoffet vert brukt i sosiale samanhengar og det får også meining i nettopp desse sosiale samanhengane. Strippa for desse samanhengane strippar ein også stoffet for meining - for i seg sjølv har stoffet lite meining for dei fleste brukarane.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Heilt enig ; eit stoff har ingen vilje eller meining i seg sjølv, brukarane gjev rusmiddelet meining
SvarSlettLiker ikke ordet "stoff". Cannabis er meir en urt en et "stoff". Både hasj(videreforedlet marijuana) og marijuana er rene naturprodukter.
SvarSlettFaktisk så har vi reseptorer i hjernen som er spesialtilpasset for behandling av delta9Thc som er virkestoffet i marijuana, og sjokolade har og et virkestoff som trigger samme reseptorer;)