torsdag 18. februar 2010

Kjønnsforskjellar?

Dei siste to vekene har eg undervist studentar i ungdomssosiologi om kjønn. Tema har blant anna vore kva tyding kjønn har i dag, og korleis me gjer kjønn i familien, i foreldreskap, hushald og i arbeidslivet. I sosiologien ser ein ikkje på kjønn som (berre) noko ein har eller er, men også som noko ein gjer. Når eg fyrst er inne i dette tema, tenkte eg å gjere nokre refleksjonar kring rus og kjønn også i bloggen.

Som eg har blogga tidlegare brukar generelt sett menn meir rusmidlar enn kvinner. Menn både drikk meir og tek meir illegale rusmidlar enn kvinner. Men spelar kjønn noko rolle også på andre måtar i samband med bruk av rusmidlar?

Me veit at jenter og gutar har ulike "vegar" inn i rusmisbruk og at "ruskarrierane" ofte vil vere ulike med omsyn til kjønn. Kunnskap om kjønnsforskjellar i samband med rusmiddelmisbruk har også ført til oppretting av kjønnsspesifikke behandlingstilbod. Tidlegare forsking har blant anna vist at typisk vert unge jenter introdusert til illegale rusmidlar via ein (eldre) kjæraste medan gutar oftare vert introdusert via kompisar. Rusmisbrukande jenter har generelt få venninner og er meir saman med gutevenner. Dei har oftare (enn andre kvinner) ein historie med vald og seksuelle overgrep. Dette gjeld også for rusmisbrukande menn. Bruk av rusmidlar har tradisjonelt vore sett som maskulint, medan teikn på avhengnad blant menn vert sett som "umannleg". Det blir framheva at rusmisbruk for kvinner (framleis) er særskilt stigmatiserande. Ein del av forklaringa kan vere at kvinners og menns rusmisbruk får ulike konsekvensar, særskilt når det er barn i bilete. Kvinner har oftare aleineansvaret for barn (også når ho er i eit parforhold) og hennar misbruk får dermed større konsekvensar for barna. Rusmiddelbruk i samband med svangerskap kan også påføre barnet store skadar.

Den omtalte forskinga har i hovudsak fokusert på rusmisbrukarar og personar som er i behandling for sine rusproblem. Kan det tenkast at der vil vere andre (mindre) forskjellar mellom kvinner og menn - når bruken er mindre "avvikande" og meir "festprega"? I Noreg er det generelt mindre forskjellar mellom kjønna enn i mange andre land og når det gjeld alkoholbruk er det akseptabelt at også kvinner drikk. Stigmatisering er knytt til dei som drikk for mykje.

I eige materiale har eg førebels vore meir opptatt av at der er ein sentral forskjell mellom personar som (i intervjua) har framstilt seg som "rusmisbrukarar" og dei som har framstilt seg meir som "rekreasjonsbrukarar". Dei snakkar om rusmiddelbruk på ulike måtar. I eigne intervju har eg til dømes ikkje utforska barndom og tidleg ungdomstid i von om å finne "årsaker" der til at folk har erfaring med rus. Nokre av intervjupersonane (både kvinner og menn) har likevel fortalt om hendingar i barndom og ungdomstid, som dei meiner har gjort dei meir sårbare i forhold til rusmidlar. Dette gjeld utelukkande personar som framstiller at dei i periodar har hatt eit meir tvangsprega rusmisbruk og dei har forklart at rusmidlane har gjeve dei "ro". Rekreasjonbrukarane framstiller rusmiddelbruken som noko dei har valt å eksperimentere med grunna dei var nyfikne. Typisk synest dei det var både spennandes og moro. Både kvinnene og mennene i prosjektet har framstilt det slik.

To sentrale kjønnsforskjellar meiner eg likevel det er. Menn er oftare involvert i å hente og selje stoff, medan kvinner oftare får spandert stoff - dei får det gratis rett og slett. Dei framheva at det ikkje ligg noko forventningar om å måtte "gje" noko attande då det er venner/kompisar som spanderer. Fleire fortalte likevel at dei kjente til at nokre jenter "byter" sex mot stoff, men at dette var tabu å snakke om.

Det kan vere interessant å sjå nærare på om kvinner og menn rusar seg på ulike måtar. Har dei ulike opplevingar i samband med rusmiddelbruk? Handterer dei rusinga ulikt - gjer dei rusmiddelbruken på ulike måtar?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar