Dei siste to åra har eg heldt på med eit doktorgradsprosjekt om rusmiddelbruk. Eg har gjort intervju med folk som brukar (eller har brukt) ulike typar illegale rusmidlar, om deira erfaringar og opplevingar knytt til det. Studien har i hovudsak fokus på bruk av rusmidlar, eller rekreasjonsbruk, for å vere tydeleg på at det ikkje er misbruk og avhengnad som står i fokus.
Eg vil nytte bloggen til å publisere nokre tekstar; refleksjonar, perspektiv, interessante "funn" frå prosjektet. Kommentarar til tekstane eller til temaet vert motteke med takksemd, det same gjeld også tips om litteratur, nettsider etc. Blogging er heilt nytt for meg - så eg både gruar og gler meg til dette..!
Eg har i prosjektet førebels valt å halde fokus på rekreasjonsbruk, slik bruk er noko utbredt i Noreg og me treng meir kunnskap på feltet. Med rekreasjonbruk meiner eg bruk av illegale rusmidlar som liknar måten me vanlegvis nyttar alkohol på - altså til fest og i sosiale lag, for å slappe av og hygge oss. Me veit at rusmiddelbruk er meir utbredt i byen enn i distrikta, meir vanleg blant menn enn kvinner og mest utbredt blant personar i alderen 20-40 år. Hasj er det mest brukte illegale rusmiddelet, etterfulgt av amfetamin og kokain.
Eg trur at meir kunnskap om slik rusmiddelbruk vil vere med å nyansere bilete me har av rusmiddelbrukarar og rusmiddelbruk, og vil vere nyttig i samband med rusrelatert arbeid på ulike nivå.
Til no har eg gjort intervju med 18 personar. Intervjua har gått føre i Årdal i Sogn. Det meste av rusmiddelforskinga elles går føre i dei største byane våre - me veit lite om rusmiddelbruk i andre kontekstar. Kva tyding har plassen for rusmiddelbruken, har plass noko tyding i det heile? Dette er eit tema eg vil arbeide med i avhandlinga mi. Intervjupersonane har vore rause, opne, reflekterte og ærlege - me har snakka om kva erfaringar dei har hatt med ulike rusmiddel; kva dei har brukt og korleis, kva dei gjer når dei er rusa, korleis dei kjenner og opplev rusen, korleis dei handterer å bruke rusmidlar - held dei seg til risiko knytt til rusavhengand og eventuelle skadeverknader?, og vidare kva meining har rusmiddelbruken hatt for dei?
For dei fleste intervjupersonane har rusmiddelbruken gått føre i byrjinga av 20-åra, dei har heldt på med det i nokre år - så har dei slutta. Eg vil skrive meir om dette seinare, men dei fleste skildrar det å slutte med illegale rusmidlar som relativt udramatisk. Alle intervjupersonane har erfaring med å bruke hasj og amfetamin, ein del har også brukt kokain, LSD, fleinsopp, exstacy og diverse pillar (valium, rohypnol etc.). Nokre få har også erfaring med heroin. Alle har fortalt om både positive og negative opplevingar knytt til rusmiddelbruken.
Rusmidlane får dei i tak i - nokre gongar er det enklare enn andre gonger. Fleire av brukarane har også vore seljarar og finansiert eige bruk på den måten. Dei har mykje kunnskap om rusmidlane dei brukar. Dei veit korleis dei skal bruke rusmidlane for å oppnå ynskja rus på ein tryggast mogeleg måte. Rusen kan handle om alt frå å slappe av til å få innhaldsrike og annleis opplevingar. Fleire har nytta internett for å finne informasjon om ulike rusmidlar. Elles er det vanleg å dele erfaringar med venner som også brukar same rusmidlane. Også dette vil eg kome attende til seinare.
Då er bloggen oppe og går - tvi tvi..!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Sidan ingen andre har komme med ein kommentar ein gong gjer eg det !
SvarSlettEg synes dette er det viktigaste tabuet av eit tema me står ovanfor i dagens samfunn!
Håpar og trur at bloggen itillegg til boka kan vera med å inspirera folk til informativ debatt.
Det trengs verkeleg!
Rus finnes -deal with it! Korleis?
Eit vanskeleg tema, så klart det, det er jo ei innvendig oppleving.
Svarar til kommentaren lagt ut 26/01
SvarSlettDet er sant det er eit vanskeleg tema.
Og einig med at det er ei innvenndig oppleving for den som "rusar" seg.
Men er det berre ei innvendig oppleving ???
Har sjølv erfart at sjølv om det er eg som er "rusa" , blir det ein innvendig opplevelse for dei rundt meg også.
Det er "straigthe" venner og famile.
Når ein "rusar" seg bryr ein seg ikkje om kva familien seier og "drit" i bekymringen dei har.
No i ettertid, vil eg ærleg seia at eg har - skjønnt bekymringen og tårene frå alle som ville "hjelpe" meg den gong.
Å "ruse" seg "over hodet" , ser eg på likhethen med dei som driv med ekstremsport ...
_ Trur du ikkje det er foreldre og venner der og som bekymrar seg ? ?
- Sjølv om dei ser på det som ei innvendig oppleving !!!!
Helsing frå "Karma"
Nå var ikkje det første innlegget ment som ein advokering for legalisering, eller å dømme rett og galt. Dog, eg meinar fortsatt at ein burde ha rett til å eiga sin eigen kropp. Ansvar må begynne ein plass. Som å ta ansvar for følelsene sine.
SvarSlettEg kan foreksempel være bekymra for at kjæresten min vil slåopp med meg, noe som hadde kansje knust meg. Eg hadde grene og hatt det vondt. Likavell så kan eg ikkje nekta ho å gjæra det, vist det er hva ho vil med livet sitt. Eg eiger ikkje ho. Og eg må ta ansvar for mi eiga bekymring. Ein bekymring som muligens hadde putta meir press på ho, og blitt ein selvoppfylande profeti.
Eg kan lika so sei at ho drit i bekymringane mine, at ho ikke bryr seg om hva eg meiner. Bli sint, oppgitt, trist, redd osv. Men alt dette er mine tolkninger av situasjonen. Og eg vil heller ta ansvar for følelsane mine, enn å nekta ho å leva livet sitt slek ho meinar det er best for ho å leva.
For å ta eit anna eksempel; Ein av dei første gongane eg drakk alkohol, vart eg så full at eg rava gatelangs, og ende opp i eit slagsmål, kommer heim ravande full, med blå veis og spyr på golvet til foreldra mine.
Men til forskjell, så har også foreldra mine opplevd å være full for første gang, mista kontrollen, og gjort noka liknanes. So dei forsto meg og min situasjon. Dei ligger ikke våkne om nettene i bekymring over at eg har blitt alkoholikar, som om det er den einaste mulige utfallet av ein slik situasjon.
Vist dei hadde plutselig mista all respekt for meg, grene og bært seg, og mata si eiga frykt til nær galskap, so hadde eg villa gjøymt meg godt neste gong eg drakk. Og eg hadde ikkje komt heimat til foreldra mine igjen, vist eg hadde blitt så full igjen. For eg vil jo ikkje såra foreldra mine så inderlig, eg vil bare drikke og ha det gøy med kameratane mine. Og kameratane mine var også nye på det. Vist foreldra mine hadde gitt meg press, så hadde eg aldri fått dei råda om drikking som eg fikk. Eg måtte ha tydd til råda til kompisane mine. Og kansje har vi ein sjøloppfylande profeti gåande her og.
Og der ligger kansje kneika. At med stoff så har dei som er bekymra, bare dei værste historiane å dømma/ tolke kva som skjer. Som ein lege som redder tusen liv, så er det den eine som døyr me høyrer om. Enda værre er det når det er tabu å prate om og vita noko om det.
Eg personlig trur at hva enn land som hadde legislert ein lov om at "alle har rett til å eiga sin eigen kropp, og ingen annen", så hadde det våre eit stort steg innen menneskelig utvikkling. Begynnelsen på ansvar og respekt for individualitet.
Men det er mi meining, og eg vil ikkje dytte den på noen. Eg synest ideen om å eiga seg sjøl er vakker, og basert på kjæleik. Kansje noen ser det vakkre i det sjølv, og vil sjølv leva slik. Andre igjen vil kansje heller kontrolera folk i frykt for å bli såra. Tykjer det er skummelt å måtte ta ansvar for sine eigne følelsar.
Bestemor gret fordi eg ikkje er døyp. Ho veit eg ender opp i helvete. Og eg trur ikkje på gud. Kjærlighet er min religion, erfaring er min bibel. Skal eg bli kristen så ho kan føla seg godt? Eg har jo andre verdier i mitt liv. Selv om flere personer har døyd i namnet til gud, en for nokon annan grunn, så er eg ening i deler av den kristne filosofien. Men eg vil lære om mitt eige liv sjøl, ikke bare godta det fordi noen har sagt det. Eg trur f.eks. ikke at ein blir snill, fordi ein frykter helvete, eller fordi ein håper på ein belønning. Der er jo bare frykt og grådighet. Eg trur ein blir snill fordi ein ser verdien i å være snill. Eg vil ikkje at bestemor skal gråte over meg, eg vil at ho skal elske meg, slik eg elsker ho. Så hva skal eg gjøre?
Stoff er en slik en. Ekstremsport er ein slik ein. Musikar barnet som blir født i ein familie der musikk er djævelns verk, er ein slik ein. Er det ikke vakkrere å modne opp, ta ansvar for sine egne følelser, og la folk få følge hjertene sine, selv om dei elsker stoff, ekstremsport eller musikk?
...
Hei
SvarSlettFin blogg du har.
Har du hørt om Ibogaine som får rusmisbrukere til å bryte umiddelbart. Det er ganske kontroversielt, men du må lese mer om dette.
Det blokkerer avhengihet og tar vekk abstinenser på får timer.
Du kan søke på den amerikanske nevrologen Debora Mash og hennes behandlingsklinikk på ST. Kitts
Jeg håper de kan forske mer på det slik at det kan bli trygg behandling for hvermannsen.
13. august 2010 12:32
Ordbekreftelse
Visuell bekreftelse
Lytt og skriv inn tallene du hører
Hei Fin blogg du har. Har du hørt om Ibogaine som får rusmisbrukere til å bryte umiddelbart. Det er ganske kontroversielt, men du må lese mer om dette. Det blokkerer avhengihet og tar vekk abstinenser på får timer. Du kan søke på den amerikanske nevrologen Debora Mash og hennes behandlingsklinikk på ST. Kitts Jeg håper de kan forske mer på det slik at det kan bli trygg behandling for hvermannsen.