onsdag 10. mars 2010

Om tilgang på stoff

Stoff er heilt klart mindre tilgjengeleg i bygdene enn i byane og har heller ikkje "opne salsplassar" som ein finn i både Oslo (t.d. ved Akerselva og tidlegare "Plata") og Bergen (Nygårdsparken). Slik sett kan det vere meir "styr" med å skaffe stoff utafor byane. Sal av stoff føregår i stor utstrekning i det private rommet, ofte heime hjå den som sel eller heime hjå den som kjøper. Ikkje sjeldan føregår "delinga" på festar. For å få tilgang til stoff lyt ein derfor kjenne nokon som kan gje ein tilgang.

Materiale mitt tyder på at fleire av brukarane har sjølv vore aktive i å skape tilgang på ulike stoff. Fleire av dei eg har intervjua, byrja å eksperimentere med illegale rusmidlar (i første omgang hasj) på 90-talet og har fortalt at tilgangen var heller dårleg på den tida. Dei kjente til at fleire vaksne/eldre personar i Årdal brukte hasj på den tida, men dei fekk ikkje tilgang på stoffet via desse. Det kan dermed tenkast at ulike "brukarmiljø" i Årdal har avgrensa kontakt med kvarandre. Ungdommane måtte sjølv syte for å få tak i stoffa dei ville bruke. Typisk gjekk fleire kompisar saman i spleiselag og fekk slik råd til å reise til Oslo og kjøpe hasj i litt større mengdar. Det var vanleg at ein eller to personar reiste og handla på vegne av heile spleiselaget. Kontaktar i Oslo var enkelt å få etablert, og når ein først hadde tatt turen til Oslo for å kjøpe hasj, så kjøpte ein oftast i litt større mengder. Dette førte igjen til at dei brukte mykje (hasj) i perioden etter kjøp, for ein kunne bli nervøs av å ha stoff liggande så det var best å bli kvitt det relativt kjapt... Ein visste dessutan ikkje når ein fekk tak i hasj neste gong, så det gjaldt å røyke når ein hadde høve til det. Dette ser ut til å ha endra seg, og intervjua gjev inntrykk av at tilgangen til både hasj og andre illegale rusmidlar i dag er langt meir stabil.

At det i hovudsak er brukarar sjølv som er seljarar av stoff og slik finansierer eige bruk, er også kjent frå tidlegare forsking. Men det kan tenkast at der vil vere andre utfordringar knytt til dette på mindre plassar i forhold til større plassar; forholda er mindre og relasjonane mellom seljar og kjøpar er oftare tettare og nærare. Å selje stoff til kompisar og i tillegg tene pengar på det, går dessutan utover rammene for kva eit vennskap skal stå i. For ikkje å snakke om rammene for kva eit kjærleiksforhold skal stå i (fleire jenter fortel nettopp at dei får stoffet gratis). Fleire eg intervjua har vore involvert i sal av stoff og fortalte at det kom mykje krangling og uvennskap med dette. Det var usemje om kor mykje seljaren skulle tene og krangling om at nokre personar fekk betre pris enn andre. I utgangspunktet var det ofte spleiselag som låg til grunn for "handleturane", men der var ingen løyndom at den som reiste til Oslo, skulle få dekka utgifter til turen samt ha lønn for både arbeid og risiko. Det var derimot usemje om kor mykje han skulle tene på det.

Det er grunn til å tru at spleiselaga blir mindre relevante etterkvart som nokre enkeltpersonar får både erfaring og tilgang på stoff, nettopp på bakgrunn av spleiselaga. I tillegg til ynskje om meir forteneste har dette også samanheng med ynskje om å vere meir "diskré" - for jo fleire som var involvert i planlegging av større innkjøp, jo større risiko var det å bli tatt.

På fleire måtar er dette ikkje heilt ulikt med korleis kjøp og sal også føregår i byane - men det er nokre sentrale forskjellar, den viktigaste er truleg relasjonen mellom kjøpar og seljar, som ofte vil vere nærare på småplassar. Kva konsekvensar får dette for den vidare rusmiddelbruken?

2 kommentarer:

  1. Den nære relasjonen mellom kjøpar og seljar kan kanskje tenkast å etablere meir forpliktande forventningar dei i mellom; "Kundeforholdet" er kanskje meir viktig å ta vare på frå kjøparen si side, og seljaren synest kanskje at kundar som har kjøpt før, også bør kjøpe i framtida? I forlenginga av dette lurer vi også litt på om rusbruk i småsamfunn har noko meir trygt og "koseleg" over seg enn i dei større byane. Ein treffer dei same folka på fest etter fest, kranglar litt, men tek elles vare på kvarandre. Er bygde-stereotypien gyldig (også) på rusområdet?

    SvarSlett
  2. Cannabis burde legaliseres fordi det er like ufarlig som mye av maten vi spiser i dag.

    Cannabis er i store miljøer over hele verden like respektert og behandlet med like stor omtanke som med de fineste viner og konjakker. Det er en skam at det skal være kriminelle som står for salg av denne fantastiske planten her i landet. Jeg vil ha tester i vg og terningkast over nye gode produkter(drømme:)
    Ta en titt på noen av de fantastiske produktene: http://worldofseeds.biz/

    SvarSlett