tirsdag 6. april 2010

Rus og vennskap

Tradisjonelt har rusmiljøa dårleg rykte på seg når det gjeld vennskap. Der rår ei førestilling om at ingen eigentleg er venner i eit sånt miljø. Førestillingar og fordommar er sjølvsagt ikkje sanningar.

I eigne intervju er rus og vennskap eit gjennomgåande viktig tema og for tida arbeider eg med eit kapittel i avhandlinga som har denne tittelen. Det er som regel saman med venner ein rusar seg, og kven ein er saman med kan ha tyding for korleis ein opplev rusen. Rusen påverkar vennskapen og vennskapen påverkar rusen.

Det er ofte venner som saman kjem fram til kva stoff dei vil prøve, som førebur seg saman og rusar seg saman. I etterkant kan dei diskuterer korleis opplevinga var og om dei eventuelt har lyst å gjere det fleire gonger. Venner kan korrigere kvarandre sitt rusmiddelforbruk både i positiv og negativ retning. Venner kan oppleve å komme nærmare kvarandre når dei har rusa seg saman. Rusmidlane kan gjere vennskapen meir eksklusiv, dei har noko hemmeleg saman, som gjer vennskapen meir spennande og moro. Det kan og skape avstand til venner som ikkje har erfaring med rusmidlar. Sterke vennskap som også inkluderer rusmiddelbruk kan dessutan gjere det meir vanskeleg å velje vekk rusmidlane - vel ein vekk rusmidlane, vel ein samstundes vekk vennskapen. Nokre eg har intervjua har derfor valt å velje vekk rusmidlane saman (og heldt på vennskapen), og fleire har missa mange venner etter å ha valt vekk rusmidlane.

Krangling og uvenskap som følgje av rus er ikkje noko ukjent fenomen. I eigne intervju har det komme fram at mykje av kranglinga (særskilt blant mennene) handlar om pengar, kjøp og sal av stoff, og kor vidt ein kan stole på kvarandre eller ikkje.

Fleire av jentene har fortalt om sterke venninneforhold men dei har og fortalt at dei "alltid" har hatt mykje gutevenner og framstilte at dei ofte var einaste jenta på fest saman med gutane. I intervjua tematiserte eg derfor om dei kjente seg trygge på at ingen ville "gjere dei noko" når dei var rusa (og dermed meir sårbare for seksuelle overgrep). Dei meinte dei kunne stole på kompisane og kjente seg derfor ikkje utrygge sjølv om dei ofte var einaste jenta. Eg fekk likevel fortalt historier om seksuelle overgrep mellom venner. Tidlegare forsking har også vist at dette ofte er rammene som seksuelle overgrep førekjem innafor.

I det heile tatt ber intervjua preg av at rusmidlar og vennskap flettar seg i kvarandre på kompliserte måtar. Nokre idear/kommentarar om kva som er interessant å sjå nærare på i det høve?